Arkivplan - Ørsta kommune (24.10.2016)

 

Ørsta frå Nivane - banner

 

Foto: Håvard Myklebust                                                           

Føremål for arkivplan i Ørsta kommune

Denne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2). For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Arkivplanen skal rullerast og refererast i kommunestyret kvart 4. år (kommunevalår). Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.

I kommunen er det administrasjonssjefen (rådmannen) som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1). Arkivleiar har det daglege overordna ansvaret for arkivtenesta og utarbeidar verksemdsplan.

Rådmannen i Ørsta kommune oppmodar alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

-rådmannen i Ørsta-