Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Administrativ organisering

 

adm org 010114

 

Ørsta kommune har, pr. 1.1.2014, foreteke ei mindre organisasjonsendring som kjem i tillegg til organisasjonsendring pr. 1.5.2012

Dei 3 seksjonane, Institusjon, Heimeteneste og koordinering og Bu og habilitering er omgjort til 2

Seksjon omsorg og rehabilitering er tidlegare Institusjon og har i tillegg teke over heimebasert omsorg.

Seksjon bu og habilitering er som før, men har teke over heimebasert omsorg for bebuarar på Bakk Ola-marka og Aktivitetssenteret.

Seksjon barnevern har pr. 1.1.2014 inngått i felles barnevernteneste for Volda, Ørsta, Hareid og Ulstein med Volda kommune som vertskommune.

Seksjon skule, seksjon barnehage, seksjon kultur og næring, Seksjon eigedom og Seksjon helse og velferd er som før.

Service og informasjon er omgjort til stab og har fått tillagt politisk sekreteriat.

Tildeling og koordinering er ein ny stab som har i oppgåve å tildele tenester innan område omsorg, rehabilitering, bu og habilitering m.m.Staben har også ansvar for koordinerande eining.

Frå 1.5.2012 fekk Ørsta kommune ny administrativ organisering:

Rådmannen er den øvste administrative leiaren for kommunen. Han har det formelle ansvaret for at verksemda vert driven i samsvar med rammene som kommunestyret vedtek. Han har møte- og talerett i dei politiske utvala, med unnatak for kontrollutvalet. Rådmannen er ansvarleg for at alle saker som vert lagt fram til politisk handsaming er forsvarleg utgreidde og at politiske vedtak vert sett i verk.

Vidare er kommunen organisert med 10 seksjonar, 3 stab/støtte avdelingar og i tillegg Service og informasjon og Politisk sekreteriat.

Seksjonane har ansvar for kvar sine fagfelt og seksjonsleiarane utgjer rådmannen si leiargruppe, og skal syte for at leiagruppa vert ein plass for strategisk planlegging, samarbeid og utvikling. Vi får to nivå, eit driftsnivå og eit strategisk nivå. Seksjonsleiar si oppgåve er mellom anna å medverke til at driftsleiar får frigjort tid til fag og tenesteproduksjon.

Stab - rådgiving til rådmannen og det er rådmannen som gir ordre til stab.

Støtte - gir råd til fagavdelingane. Hovedfokus er støtte til linja. Dei ute kan søke råd hos støtte, men oppgåvene skal ikkje bli igjen i stab/støtte.

Seksjonane er:

Barnehage

Kultur og næring; Landbruk, Kaihus, Kulturskule, Kulturhus m/kino og bibliotek, Næringsutvikling og Rådgiving

Skule; Grunnskule, SFO, Vaksenopplæring, Norskopplæring, PPT

Barnevern

Helse og Velferd; Helsestasjon, Lege, ROP, NAV, Psykisk helse, Ergo- og fysioterapi

Institusjon; 3 sjukeheimar, Rehabilitering, Avlasting - endra frå 1.1.14

Heimeteneste og koordinering; Heimetenester, Tildeling - endra frå 1.1.14

Bu- og habilitering;Teneste for utviklingshemma - endra frå 1.1.14

Eigedom; Vedlikehald, Vaktmeister, Reinhald, Utleige

Tekniske tenester; Kommunalteknikk, Brann og redning, Byggesak og Oppmåling

Dei 3 stab/støtteavdelingane er:

Økonomi

Personal; Nærværsprosjekt, IA/HMS, Lønn

Plan og utvkiling; Flyktning, Plan og miljø, Folkehelsekoordinator, Nybygg, Jurist m.m.

I tillegg har vi:

Politisk sekreteriat - endra frå 1.1.14

Service og informasjon - endra frå 1.1.14

Servicekontoret er det første du møter når du kjem inn på rådhuset, eller om du ringer oss. Her vil du få utført ei rekkje oppgåver, eller få hjelp vidare. Kommunen har avtale med likningskontoret/folkeregisteret om nokre førstelinetenester i servicekontoret. Servicekontoret er sentralt postmottak for heile rådhuset.

Laster...