Utskriftsvennlig versjon

Spesialrutinar

Tiltak ved store vatnskader:

  • Vatnskada arkivmateriale skal leggast i tette plastposar/sekkar og frysast ned snarast råd. Dette vert gjort for å stoppe soppvekst og anna nedbryting av papirmaterialet.
  • Send arkivmaterialet i nedfrosen tilstand til eit spesialfirma som kan frysetørke arkivsakene.
  • Ta kontakt med IKA Møre og Romsdal for ei vurdering av trongen for konservering etter frysetørkinga.

Tiltak ved mindre fuktskader:

  • Arkivmaterialet skal lufttørkast. Protokollar bør åpnast eller leggast med trekkpapir mellom sidene.
  • Kaldluftvifter kan gi god lufting, men bruk ikkje varme. Det aukar nedbrytningsprosessen i papiret og fremjer soppvekst.
  • Ta kontakt med IKA Møre og Romsdal for ei vurdering av trongen for konservering etter tørkinga.
Laster...