Arkivplan - Ørsta kommune (under arbeid 2016)

 

oversyn

Føremål for arkivplan i Ørsta kommune

Denne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2). For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Arkivplanen skal rullerast og godkjennast av kommunestyret kvart 4. år (kommunevalår). Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.

I kommunen er det administrasjonssjefen (rådmannen) som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1). Arkivleiar har det daglege overordna ansvaret for arkivtenesta og utarbeidar verksemdsplan.

Rådmannen i Ørsta kommune oppmodar alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

-rådmannen i Ørsta-