Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

polorg

Den politiske hovudstrukturen i Ørsta er i tillegg til kommunestyre og formannskap sett saman av samfunnsutvalet SFU ( "fysiske" saksområde som byggesaker og reguleringsplanar ) og levekårsutvalet LKU ( handsaming av individretta saksområde som omsorg og levekår for barn og vaksne ). Dette er ein såkalla funksjonsmodell. Denne skil seg frå den tidlegare sektormodellen ved at utvala ikkje lenger følgjer ei tradisjonell sektorinndeling av kommunen sine funksjonar. I staden er utvala organisert, og får mynde, etter kva type oppgåver dei skal utføre.

Denne strukturen vart sett i verk av kommunestyret frå og med 01.01 2010.

Formannskapet har ansvar for økonomi og budsjettspørsmål i den grad dette er delegert frå kommunestyret. Landbruksnemnda og vilt- og innlandsfiskanemnda er vidareført som eigne politiske utval innanfor desse saksområda.

Laster...