Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Ørsta kommune innførte ePhorte som sak/arkivsystem 1.1.2007. Då vart servicekontoret felles postmottak for rådhuset, og fekk ansvaret for emnearkivet på rådhuset i tillegg til brukararkiv; Servicekontoret fører all post, men kvar sektor/avdeling har ansvar for sine objektarkiv.

1.2.2008 tok vart det oppretta arkivdel for Koordinerande eining, der servicekontoret har ansvaret. Avslutta og flytta til Gerca 1.3.2013.

1.1.2012 tok Servicekontoret over Startlån-arkivet.

1.5.2012 tok Servicekontoret over Personalarkivet frå personalavdelinga, bortsett frå personalmappe på tilsette i skular, barnehagar, barnevern og kultur.

1.7.2013 vart det oppretta arkivdel for Eigedomsskatt, der servicekontoret har ansvaret.

Dei ytre einingane, (skular, barnehagar, kulturinstitusjonane, einingar innan helse, sosial og omsorg), er eigne journalførande einingar.

Rådmannen er øverste arkivansvarleg. Servicekontoret er arkivteneste for felles postmottak, medan leiar ved dei ytre einingane har ansvar for sine arkiv.

Systemansvarleg har ansvar for å opprette og vedlikehalde brukartilgangar i ePhorte.

Laster...